Personvernerklæring (Om e-Boks)

e-Boks sine retningslinjer for personvern 

  1. e-Boks som dataansvarleg
  2. Formål, rettsleg grunnlag for behandling og kategoriar av personopplysningar
  3. Mottakarar eller kategoriar av mottakarar
  4. Overføring til mottakarar i tredjeland, inkludert internasjonale organisasjonar
  5. Kor kjem personopplysningane dine frå?
  6. Oppbevaring av personopplysningar
  7. Rettane dine
  8. Endring av retningslinjer for personvern

 

1. e-Boks som dataansvarleg

Desse retningslinjene om personvern forklarar korleis e-Boks som behandlingsansvarleg behandlar personopplysningane dine, inkludert personopplysningane som blir behandla for administrasjon av den digitale postkassa og den kommersielle visningsklienten når det gjeld post frå offentlege avsendarar (heretter kalla digital postkasse) hos e-Boks.

Når det gjeld innhaldet i den digitale postkassa, bør du vite at meldingar frå/til sluttbrukarar, uavhengig av om desse er verksemder eller private sluttbrukarar, er underlagt sluttbrukaren sin råde- og eigedomsrett. e-Boks er ikkje behandlingsansvarleg for dei personopplysningane som blir behandla, oppbevart og vist i den digitale postkassa, uavhengig av om sluttbrukaren er ei verksemd eller ein privat sluttbrukar.

 

1.1 Innhaldet i digitale postkassar hos verksemder

Verksemda er som sluttbrukar behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir behandla og lagra i verksemda si digitale postkasse, og e-Boks er databehandlar for verksemda. e-Boks handlar etter instruksar frå verksemda, og forholdet er regulert i samsvar med art. 28 i personvernforordninga, inkludert brukarvilkåra for verksemder.

 

1.2 Innhaldet i digitale postkassar hos private

Når det gjeld innhaldet i den digitale postkassa, er ein privat sluttbrukar ikkje omfatta av personvernforordninga. Forholdet mellom e-Boks og ein privat sluttbrukar blir styrt av vilkåra for bruk av den private sluttbrukaren.

 

1.3 Korleis kan du kontakte oss?

Du må gjerne kontakte oss eller personvernrådgjevaren vår viss du har spørsmål om kva for rettar du har eller korleis vi behandlar personopplysningane dine.

 

e-Boks Nordic A/S

Hans Bekkevolds Allé 7

2900 Hellerup

CVR-nr.: 25674154

Telefon: + 45 70 21 24 00

DPO-team@e-boks.dk

 

2. Formål, rettsleg grunnlag for behandling og kategoriar av personopplysningar

e-Boks behandlar personopplysningane dine som ein del av verksemda, inkludert:

  • for å kunne stille tenester/produkt frå e-Boks til rådvelde
  • til administrative formål, inkludert administrasjon av varslarordninga, kommunikasjon med avsendarkundar, sluttbrukarar og øvrige interessentar, osv.
  • for å kunne gi hjelp og støtte
  • for å kunne sende nyheitsbrev og marknadsføre produkt og tenester
  • til anonymisert statistikk og analyse
  • til produktutvikling og forbetring av e-Boks sine tenester

 

e-Boks behandlar personopplysningane dine på ulike juridiske grunnlag, inkludert:

  • på grunnlag av forutgåande samtykke, jf. artikkel 6 i personvernforordninga, nr. 1 bokstav a) og artikkel 9, nr. 2 i personvernforordninga. Du kan når som helst trekke tilbake eit samtykke du har gitt. Viss du vel å trekke tilbake samtykket, vil ikkje dette påverke ei lovleg behandling av personopplysningane dine basert på eit tidlegare varsla samtykke frå deg og fram til tidspunktet for tilbaketrekking. Viss du trekker tilbake samtykket ditt, vil det derfor berre vere gjeldande frå dette tidspunktet.
  • for å oppfylle ein avtale med deg i samsvar med artikkel 6 nr. 1, bokstav b i personvernforordninga
  • fordi behandlinga er nødvendig for å utføre ei rettsleg plikt som e-Boks har som behandlingsansvarleg i samsvar med artikkel 6 nr. 1 bokstav c
  • under spesielle forhold for å følgje opp ei legitim interesse, i samsvar med artikkel 6 nr. 1 bokstav f i personvernforordninga, og dei legitime interessene som underbyggjer behandlinga, kan mellom anna omfatte ei forbetring av tenestene våre, svare på meldingar frå deg eller liknande

 

e-Boks behandlar mange vanlege personopplysningar om deg, for eksempel: 

  • innloggingsinformasjon
  • opplysningar du har lagt inn osv., i systema våre, for eksempel betalingsinformasjon og opplysningar relatert til spørsmål om hjelp og støtte
  • opplysningar om kommunikasjonen du har med e-Boks 
  • opplysningar om aktivitetar i den digitale postkassa 
  • kontaktopplysningar, inkludert namn, e-postadresse, adresse
  • øvrige identifikasjonsdata, inkludert personnummer
  • opplysningar om styresystemet på datamaskinen og den mobile eininga, inkludert den valde nettlesaren og IP-adressa.

 

3. Mottakarar eller kategoriar av mottakarar

e-Boks behandlar personopplysningane dine fortruleg, men vi kan gi dei vidare til følgjande tredjepartar om nødvendig for å følgje juridiske plikter:

  • konsernrelaterte selskap
  • IT-leverandørar og tredjepartar som behandlar informasjonen
  • registrerte avsendarar og verksemder 
  • e-Boks sine samarbeidspartnarar der dette er nødvendig for å kunne gjere ei teneste frå e-boks tilgjengeleg for deg

Vidareformidling vil alltid vere i samsvar med gjeldande lov, og mottakarar er juridisk forplikta til å behandle personopplysningane dine på ein trygg og fortruleg måte.

 

4. Overføring til mottakarar i tredjeland, inkludert internasjonale organisasjonar

Vi oppbevarer personopplysningane dine i EU/EØS. Viss vi unntaksvis overfører personopplysningane dine til behandlarar utanfor EU/EØS, vil vi sikre eit lovleg overføringsgrunnlag i samsvar med personvernlovgivinga som gjeld til ei kvar tid. Du kan få meir informasjon om det konkrete overføringsgrunnlaget ved å bruke kontaktinformasjonen over.

 

5. Kor kjem opplysningane dine frå?

e-Boks behandlar personopplysningar om deg basert på opplysningar du har gitt, inkludert informasjon du gir når du opprettar ein brukar hos e-Boks, når du ber om kundestøtte, når du vil ta i mot nyheitsbrev osv., når du deltar i brukarundersøkingar, når du er innom nettsidene våre, når du vil kommunisere med e-Boks og når du gir informasjon som skal brukast til administrative formål hos e-Boks.

 

6. Oppbevaring av personopplysningar

Vi oppbevarer berre personopplysningane så lenge det er nødvendig for å oppfylle formåla som er skildra over, og/eller i samsvar med krav i gjeldande lovverk. Du som er registrert kan, i stor grad sjølv slette behandla personopplysningar. Elles behandlar vi personopplysningane dine på grunnlag av dei kriteria som er fastsette i e-Boks sine gjeldande retningslinjer for oppbevaring og sletting til ei kvar tid.

 

7. Rettane dine

Du har fleire rettar under personvernforordninga når det gjeld behandlinga vår av opplysningar om deg.  

 

Rett til å sjå opplysningar (innsynsrett)
Du har rett til å få innsyn i opplysningane vi behandlar om deg.

 

Rett til retting (korrigering)
Du har rett til å få retta feil opplysningar om deg sjølv.

 

Rett til sletting
I spesielle tilfelle har du rett til å få opplysningar om deg sletta.

 

Rett til avgrensing av behandling
Du har i visse tilfelle rett til å få behandlinga av personopplysningane dine avgrensa

 

Rett til å protestere
I visse tilfelle har du rett til å protestere mot vår eller mot lovleg behandling av personopplysningane dine.

 

Rett til å overføre opplysingar (dataportabilitet)
I visse tilfelle har du rett til å få personopplysningane dine i eit strukturert, vanleg og maskinleseleg format.

 

Rett til å klage
Viss du har spørsmål eller ønskjer å klage til e-Boks om behandling av personopplysningar, kan du kontakte oss via kontaktopplysningane som står over. Du kan også klage til Datatilsynet.

 

8. Endring av retningslinjer for personvern

Desse retningslinjene for personvern erstattar alle tidlegare versjonar. Det vil være nødvendig å kontinuerleg oppdatere og endre desse retningslinjene, og vi tar derfor atterhald om retten til å oppdatere og endre dei. Ved vesentlege endringar vil vi varsle deg på https://www.e-boks.com/norge/nn/.

 

Versjon 2 - 2022/03