e-Boks AS retningslinjer for personvern

Oppdatert den 18. mai 2018

Bruksområde:

Desse retningslinjene for personvern ("Retningslinjer for personvern") gjeld e-Boks AS si innsamling, bruk og beskyttelse av dine personopplysningar på e-Boks AS sine nettsider, appar og andre digitale plattformer som e-Boks AS nyttar.

Innsamling:

e-Boks AS kan samle inn personopplysningar om deg på ulike måtar bl.a. a) når du registrerer deg som brukar, b) ved å bruke informasjonskapslar, og c) når du sjølv gjev opplysningar, f.eks. ved å abonnere på eit nyheitsbrev.

Personopplysningar:

e-Boks AS samlar inn personopplysningar som a) namn, personnummer, identifikasjons- og kontaktopplysningar (adresse, telefonnummer, e-post, fødselsdato), b) innloggingsopplysningar, c) opplysningar om deg som du har skrive inn sjølv, f.eks. kredittkort- og betalingsopplysningar, d) opplysningar om din kommunikasjon med e-Boks AS, e) opplysningar om dine aktivitetar i den digitale postkassa, f) opplysningar om operativsystemet på din datamaskin, mobile eining og vald nettlesar, og g) IP-adresse.

Føremål:

e-Boks AS behandlar dine personopplysningar som ledd i sin forretning, bl.a. a) for å kunne gjere-Boks AS sine tenester tilgjengelege for deg, b) for å kunne sende deg nyheitsbrev og marknadsføre våre produkt og tenester, c) til anonymisert statistikk og analyse, d) til produktutvikling og forbetring av våre tenester, og e) til interne og administrative føremål. Nokre opplysningar blir behandla fordi dette er naudsynt etter gjeldande lovgjeving.

Mottakarar:

Om det er nødvendig, kan e-Boks AS dele opplysningane dine med a) selskap i konsernet, b) it-leverandørar og tredjepartar som handsamar opplysningane dine på vegne av oss, c) myndigheiter og verksamheiter du har registrert, d) verksamheiter der du har godkjend delinga, og e) e-Boks AS sine samarbeidspartnarar der dette er nødvendig for å kunne tilby deg ei teneste som du har vald. Overføringa skjer alltid i samsvar med gjeldande lovgjeving, og – om naudsynt – med samtykke frå deg på førehand. e-Boks AS overfører ikkje opplysningane dine til land utanfor EU/EØS.

Spesielt om personnummer:

Ditt personnummer vert behandla i fylgjande 3 tilfelle: a) for å sikre at du er den rette mottakaren av meldingar b) for å identifisere deg når ein avsendar, som du ennå ikkje har registrert, ynskjer å sende meldingar til deg i e-Boks AS, og der du kan registrere avsendaren etterpå, og c) for elektronisk overføring, blant anna når blir sendt vidare til ei anna nettside og logga på automatisk frå ei lenkje i ei melding.

Juridisk grunnlag:

e-Boks AS handsamar personopplysningane dine enten a) basert på at du har gitt samtykke på førehand, b) for å oppfylle ein avtale med deg, eller c) i konkrete samanhengar for å fylgje ei legitim interesse. Ei legitim interesse kan blant anna vere å forbetre våre tenester, svare på førespurnadane dine eller liknande.

Dine rettigheter:

Du har rett til a) å be om å få sjå dine personopplysningar, b) å få korrigert, sletta eller avgrensa bruken av opplysningane, og c) å klage på handsaminga av dine opplysningar. Etter den 25. mai 2018 har du i nokre tilfelle også rett til overføring av data. Det betyr at du kan be om få opplysningane som du sjølv har gitt til e-Boks AS, utlevert i eit lesbart format. Om det er teknisk mogeleg, kan du også få opplysningane overført til ein tredjepart.

Førespurnadar i samsvar med dette avsnittet sender du inn via e-Boks AS brukarstøtte på e-boks.no.

Samtykke:

Om e-Boks AS handsamar personopplysningane dine basert på eit samtykke, inkludert samtykke til direkte marknadsføring, kan du når som helst trekke tilbake samtykket ditt. Dette endrar likevel ikkje lovlegheita av den handsaminga som er basert på samtykket før det er trekt tilbake.

Fortrulegheit og oppbevaring:

Personopplysningane dine blir alltid handsame fortruleg, uansett om du sjølv aktivt har gjeve opplysningane, eller om opplysningane er henta inn av e-Boks AS på ein annen måte. e-Boks AS oppbevarer berre personopplysningane dine så lenge dette er nødvendig for å oppfylle våre plikter.

Klager:

Om du har spørsmål om personopplysningane dine og vår handsamin, eller om du ynskjer å klage, kan du kontakte oss via funksjonen Brukarstøtte på nettsida til e-Boks AS https://brukersupport.e-boks.no/hc/nn. Om klagen din ikkje blir løyst av e-Boks AS, og du vil gå vidare med saka, kan du klage til Datatilsynet, Postboks 8177 Dep., 0152 Oslo, postkasse@datatilsynet.no.

Endringar:

Retningslinjene for personvern blir oppdatert kontinuerleg, og den nyaste versjonen finn du alltid på www.e-boks.no. Om det er vesentlege endringar eller avgrensingar får du ei eiga melding om det via e-Boks AS med minst ein månads varsel.

Personvernombod hos e-Boks AS:

Ettersom kjerneverksamheita er å sende elektronisk post mellom ein avsendar og ein sluttbrukar som kan innehalde personopplysningar, har e-Boks AS vald å utnemne eit personvernombod.

Generelle spørsmål om samtykke til personopplysningar og personvernlovgjevnad kan rettast til personvernombodet hos e-Boks AS på fylgjande e-post-adresse: DPO-team@e-boks.dk.