Vilkår for bruk av e-Boks

Brukarvilkår for e-Boks – privat

Land: Norge

 

  1. Generelt
  2. Digital postkasse
  3. Digitale tenester
  4. e-Boks mobil
  5. Brukarstøtte
  6. Kommersiell visningsklient

 

1. Generelt

1.1 Bruksområde

Desse brukarvilkåra gjeld ved bruk av e-Boks sine tenester/produkt, heimesider, kundestøtte, appar, sosiale medium og andre digitale plattformer, og ved deltaking i e-Boks sine brukarundersøkingar. Når du godtar brukarvilkåra, godtar du også e-Boks sine retningslinjer for personvern og informasjonskapslar.

 

1.2 Om e-Boks

e-Boks er ein digital plattform som mellom anna gir deg tilgang til digital post både frå offentlege styresmakter og private verksemder.

 

e-Boks gir deg mellom anna tilgang til:

  1. brev, meldingar osv. (heretter kalla "meldingar") frå private verksemder og digital post frå offentlege styresmakter
  2. personlege arkiv i e-Boks 
  3. direkte og trygg kommunikasjon med ei registrert verksemd
  4. digital signering av avtalar
  5. betaling via samarbeidspartnarar 
  6. å bruke dei tenestene og funksjonane e-Boks kan tilby når som helst i kraft av e-Boks sitt samarbeid med tredjepartar

 

1.3 Avgrensing av ansvar

Med mindre noko anna følgjer av ufråvikeleg lovgiving, er e-Boks ikkje ansvarleg for løysingane som blir tilbode av e-Boks, innhaldet i meldingar, varsel, tap ved sein eller manglande levering, feillevering, tap av data, IT-feil, virus, skade på utstyret eller force majeure-liknande forhold, uavhengig av om det berre gjeld e-Boks. e-Boks tar ikkje ansvar for kontraktsbrot, manglande prestasjon eller manglande funksjon. e-Boks er heller ikkje ansvarleg for tap som følgje av bruk som ikkje er autorisert, for eksempel viss andre har fått tilgang til verksemda si digitale postkasse hos e-Boks eller verksemda sin tilgang til brukarstøtte for e-Boks, eller viss verksemda ikkje har varsla e-Boks om regelbrot eller misbruk eller mistanke om dette. e-Boks er ikkje ansvarleg for tredjepartstenester ein får tilbod om via e-Boks-løysinga.

 

1.4 Inaktivitet og dødsfall

Ved dødsfall tar e-Boks atterhald om retten til å slette opplysningar om den avlidne hos e-Boks 15 månader etter dødsfallet. Det same gjeld dersom du ikkje har vore logga inn i e-Boks på meir enn 5 år. Ved inaktivitet i meir enn 5 år blir korrespondansen sletta. Det blir også profilen i brukarstøtta for e-Boks.

 

1.5 Endringar i vilkår

e-Boks kan endre og oppdatere vilkåra på https://www.e-boks.com/norge/nn/, der dei aktuelle vilkåra alltid vil vere tilgjengelege. Ved vesentlege endringar vil du få melding om dette via e-Boks med eit varsel på minst ein månad.

 

1.6 Rettar

Alt materiale i e-Boks, for eksempel namn, logoar, varemerke, grafikk, tekstar, ikon, bilete, programvare osv., tilhøyrer e-Boks og samarbeidspartnarar og er sikra av mellom anna regelverk som omhandlar varemerke, opphavsrett og marknadsføring.

 

1.7 Lovval og verneting

Tvistar om forhold som er regulert av desse vilkåra, skal avgjerast etter dansk rett ved dei danske domstolane.

 

1.8 Kontakt

Du kan kontakte e-Boks via https://www.e-boks.com/norge/nn/kontakt/

 

2. Digital postkasse

I den digitale postkassa di hos e-Boks kan du få tilgang til post frå både offentlege styresmakter og private verksemder.

 

2.1 Rettsverknad

Dei meldingane du får via e-Boks, får du ikkje som vanleg post. Meldingar som kjem i e-Boks, har den same juridiske rettsverknaden som om dei er komne via vanleg postgang, for eksempel når det gjeld betalings-, aksept- og klagefristar. Ein vurderer det slik at meldingane er komne fram til deg når dei er tilgjengelege for deg i e-Boks.

 

2.2 Ansvar

Det er ditt ansvar:  

  1. å kontinuerleg sjekke om det er nye meldingar i den digitale postkassa hos e-Boks 
  2. å sikre at e-Boks alltid har den rette e-postadressa og/eller mobilnummeret ditt, dersom du ønskjer å bli varsla om nye meldingar
  3. å omgåande endre passordet og varsle e-Boks viss du blir merksam på eller mistenker regelbrot eller misbruk av den digitale postkassa di hos e-Boks

 

Du er også ansvarleg for at innhaldet du arkiverer i e-Boks, er i samsvar med gjeldande lovverk.

 

2.3 Sletting

Viss du slettar meldingar i e-Boks, kan dei ikkje opprettast eller skapast på nytt. Du kan til ei kvar tid slette meldingar og dokument i den digitale postkassa hos e-Boks. e-Boks har ikkje tilgang til innhaldet i meldingane. e-Boks tar atterhald om retten til å gjere meldingar i den digitale postkassa hos e-Boks utilgjengelege dersom e-Boks er underlagd ei rettsleg plikt, eller dersom andre sine personopplysningar blir kompromittert som følgje av ein feil.

 

2.4 Avmelding

2.4.1 Avmelding av mottak av meldingar frå bestemt avsendar

Du kan til ei kvar tid melde deg av mottak av meldingar frå ein avsendar i e-Boks, med mindre du har inngått ein avtale med ein avsendar som krev at du har ei digital postkasse hos e-Boks, eller avsendaren elles har lovheimel til å sende post til deg. Med 7 dagars varsel kan du fjerne påmeldinga av ein privat avsendar. Dette omfattar ev. førehandsinstallerte påmeldingar av private avsendarar.

 

2.4.2 Avmelding av digital postkasse

Du kan til ei kvar tid melde deg av eller slette den digitale postkassa hos e-Boks. e-Boks vil like fullt vere forplikta av desse vilkåra så lenge du brukar e-Boks.

 

3. Digitale tenester

e-Boks gir deg høve til å få tilgang til ulike digitale tenester du kan velje. Innhaldet avheng av kven som leverer og administrerer den digitale tenesta. Dei digitale tenestene du vel, vil anten vere leverte og administrerte av e-Boks eller av ein tredjepart. 

 

e-Boks har rett til å førehandsinstallere tenester som ikkje er kommersielle tenester, og som e-Boks meiner er relevante for alle brukarar. Du kan til ei kvar tid melde deg av desse tenestene, sjå pkt. 3.3.

 

3.1 Innhald i digitale tenester

Det innhaldet som blir vist når du blir med i ei digital teneste, kan vere bestemt av tredjepart. Når tredjepart gjer innhaldet tilgjengeleg for deg via ei digital teneste, har ikkje e-Boks noko ansvar for innhaldet i tenesta.

 

3.2 Samtykke og verifisering

Ved å melde deg på ei digital teneste levert og administrert av ein tredjepart, gir du samtykke til at e-Boks kan gi vidare opplysningar om deg til tredjepart, som er nødvendig for at tredjeparten skal kunne verifisere deg. Du vil alltid bli informert om kva for opplysningar som blir gitt vidare, når du melder deg på ei teneste. Du kan når som helst trekke tilbake samtykket ved å velje bort tenesta. Sjå informasjon under om korleis du kan velje bort ei digital teneste.

 

3.3 Velje bort digitale tenester og førehandsinstallerte tenester

Du står fritt til å velje bort tenester i e-Boks. Det kan du gjere ved å slette den digitale tenesta i oppsettet. Når du melder deg ut av ei digital teneste, betyr ikkje det at du ikkje lenger har ein brukarkonto hos den tredjeparten som leverer og administrerer tenesta, og denne tredjeparten kan framleis ha opplysningar registrert om deg. Du må derfor kontakte den aktuelle tredjeparten direkte for å slette brukaren din og/eller opplysningane dine hos tredjepart. e-Boks er ikkje ansvarleg for sletting hos tredjepart.  

 

4. e-Boks mobil

4.1 Bruksområde

e-Boks gir verksemda tilgang til e-Boks mobil via e-Boks-appen (heretter kalla “appen”). Det er ikkje mogleg å utføre alle funksjonar frå e-Boks i appen. Du må logge deg på e-Boks i ein nettlesar for å få utført desse funksjonane. I appen kan du mellom anna: 

  1. lese og administrere meldingar 
  2. lagre bilete frå kamera- eller bildearkiv
  3. melde på og av avsendarar av post
  4. redigere brukarprofil med e-post og mobilnummer
  5. betale rekningar

 

4.2 Bruksretten

Du får ein ikkje-eksklusiv og ikkje-overførbar rett til å bruke appen på ein smarttelefon eller eit nettbrett (iOS, Android eller Windows) du eig eller kontrollerer, innanfor rammene av desse vilkåra og dansk lovverk om opphavsrett. Du kan ikkje distribuere appen eller gjere han tilgjengeleg over eit nettverk. Du kan ikkje leige ut, lease, låne ut, sublisensiere eller selje appen. Du kan ikkje prøve å utleie kjeldekoden, modifisere eller lage nye verk (derivat) avleia av appen. Brot på desse brukarvilkåra og/eller brot på det danske lovverket om opphavsrett vil automatisk oppheve retten din til å bruke appen i samsvar med desse brukarvilkåra. I tillegg til å avslutte retten din til å bruke appen, kan eit brot på desse brukarvilkåra og/eller brot på dansk lovverk om opphavsrett føre til rettslege skritt mot deg. e-Boks kan når som helst kalle tilbake eller endre retten din til å bruke appen i samsvar med desse brukarvilkåra.

 

4.3 Misbruk

Viss du mistenker at passordet eller aktiveringskoden for mobiltilgang er blitt kjend for andre, må du endre kodane med det same. Du finn passordet og aktiveringskoden i den digitale postkassa hos e-Boks under innstillingar.

 

4.4 Biometrisk autorisasjon

Du kan bruke biometrisk autorisasjon, for eksempel touch-ID eller face-ID for å logge deg på appen. Dette krev at du godtar at eininga sin funksjon for låse opp med biometrisk autorisasjon vil vere knytt til brukarprofilen din i appen. Du kan berre knytte eininga sin registrerte biometri til ein brukarprofil i appen. Andre kan misbruke appen viss dei har tilgang til administrasjon av biometrisk autorisasjon på eininga di. Du må derfor sørge for at du berre har aktivert din eigen biometri som passord. Bruk berre biometrisk autorisasjon på einingar som berre du har tilgang til og aldri på overstyrte (jailbroken) einingar. Viss du har overtatt eininga frå nokon andre, må du først slette den lagra biometrien før du aktiverer din eigen. Viss du overfører eininga til nokon andre, må du først slette brukarprofilen din i appen.

 

4.5 Opphøyr av biometrisk autorisasjon

Du kan slutte å bruke biometrisk autorisasjon for å logge deg på appen viss du: 

  1. fjernar brukarprofilen din frå lista over aktiverte brukarar i appen
  2. loggar på appen og deaktiverer den valde biometriske autorisasjonen i innstillingane
  3. sletter appen frå eininga

 

4.6 Mista mobileining

Viss den mobile eininga går tapt, må du snarast lage ein ny aktiveringskode og/eller passord i den digitale postkassa di hos e-Boks.

 

4.7 Blokkering av mobil tilgang

e-Boks tar atterhald om retten til å blokkere mobil tilgang av omsyn til sikkerheita ved mistanke om misbruk. Kontakt e-Boks viss mobiltilgangen din er blokkert.

 

5. Brukarstøtte

Brukarstøtte hos e-Boks gir deg høve til å kommunisere med eit kundestøtteteam som gir hjelp som gjeld bruken av løysingar frå e-Boks.

 

5.1. Innsending av personopplysningar

Du er sjølv ansvarleg for å legge inn personopplysningar i felta som er laga til dette formålet i brukarstøtta. Viss personopplysningar, for eksempel eit personnummer, blir lagt inn i emne- eller opplysningsfeltet og i chat-funksjonen, vil meldinga di bli sletta automatisk og ikkje behandla.

 

5.2. Mistanke om misbruk

Viss du blir merksam på eller får mistanke om regelbrot eller misbruk av tilgangen til brukarstøtte hos e-Boks, skal du straks byte passord og melde frå til e-Boks.

 

Versjon 5 – 2022/03